Vil du påverke fylkeskommunen sin plan for meir fornybar energi?

Til hub-kontaktar i Grøn region Vestland:

Tilgang på meir fornybar energi er ei av dei viktigaste føresetnadene for å realiserer det grøne skiftet i Vestland.

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har nyleg sendt eit utkast til regional plan for fornybar energi ut på høyring. Sjå meir her: Høyring: Gi innspel til plan for fornybar energi – Vestland fylkeskommune

Fram til 20. februar har verksemder og andre høve til å gje sine innspel til planen.

For å gje verksemdene i Grøn region Vestland eit best mogleg utgangspunkt for å komme med innspel vil vi invitere aktuelle personar i verksemdene i hubane til ein gjennomgang av planen.

Tysdag, 31. januar 2023, kl 10. – 11.30 (på Teams).

Her vil prosjektleiar for arbeidet med planen, Tor Martin Misund, gå gjennom planen med særleg vekt på det industrien i fylket bør merke seg.

Nytt anledninga sjølv, men sprei gjerne denne invitasjonen vidare til dei du trur kan ha nytte av dette ute i kvar einskild verksemd i hubane.

Alle som melder seg på får tilsendt innkalling til møte i teams. Ein kan melde seg på til Arent.Kragh@vlfk.no

Frist for påmelding: Måndag, 30. januar.

Ønsker du å bli en av våre Samarbeidspartnere?

Askøy Næringsråd

Askøy Næringsråd (ANR) er en organisasjon for næringslivet på Askøy, og her har vi samlet over 180 små og store bedrifter. Vi arrangerer aktuelle frokostmøter i tillegg til sosiale sammenkomster Følg med på vår nettside og FB-side for oppdatering av arrangementer.

Abonner på vårt nyhetsbrev


© Askøy Næringsråd. Alle rettigheter forbeholdt. Org nr 985 743 312